Etter ein hektisk morgen med apetjuvar både på eit utebord og på rombesøk med forsøk på mattjuveri, besøke vi ein barne/ungdomsskole like ved hotellet.Her er elevane uniformerte som kanskje kunne vore innført i Norge(andre land) også for å unngå mobbing. Her på skolen gjekk ingen med dyre merkeklær, klasseforskjellen blir utvisket. Vi snakka med elevar og lærarar, og vårt inntrykk var at dei fleste kunne og forstod engelsk. Dei fortalte om draumane sine og var smilande og høflege. Det var ein fantastisk opplevelse å få innblikk i skulekvardagen til barn 7-16 i mørke klasserom, med blokk, blyanter,
Etter lunch gikk vi ein tur i den myldrande delen av Kausani. Kikka inn eit smug der dei laga grunnmur. Éin gutt på 15 spratt fram :» hey how are you ,where are you from?» Kontakt med ein gang. Han forklarte meg at dei bygde familiehus. Det var trangt, men plass til eit lite hus, Handblanda mørtel i vaskefat og rød murstein, sandalar og uten hanskar. Gutten følgde meg rundt lenge og forklarte ting eg lurte på – fekk ein kompis. Ellers kultursjokk – symaskiner i drift, smier, snekkerverkstader,
/Edvin Viken, deltager
Kommentarer