Ny dag.
Sola står opp,morgondisen kverv bort å dei majestetiske, snøkledde Himalayafjella viser seg i sin fulle prakt i nord. Vi blir servert nydeleg frukost på herskapelege Tree of life grand oak minor. Etter å ha pakka på syklane tar vi fatt på den forhåpentligvis verste vegbiten på turen nedatt til inngangsporten til Binsar nasjonalpark.
Vi køyrer no etter svingete, fine motorsykkevegar. Nedover åssidene passerer vi noko som vi meiner er eit asfaltverk, eller sementvarefabrikk. Etter å ha kasta nokre blikk på røyken frå pipene forstår vi at dette verket ikkje har underkasta seg dagens standard kva utslepp angår, men dette skal vi ikkje reflektere vidare over, no er vi turistar.
Vi køyrer langs dalbotnar der brevatnet renn klart og grønt i elvane, litt slik som våre eigne breelvar renn frå breane heime. Når vi passer over åskammane kan vi sjå Himalayafjella, stadig nærmare i nord.
Vi kjem innpå dagleglivet til folket her når vi køyrer gjennom landskapet.
Etter ein kort drikke og snackpause tar ein av deltakerne, Per Gulestø til orde for at vi må køyre litt tilbake å sjå nærmare på korleis jordbruk blir dreve her. Etter litt om og men køyrer vi rake veien tilbake. Dette fekk vi verkeleg uttelling for. Her kom vi midt opp i lokalt tradisjonelt jordbruk. Fargerikt kledde kvinner hakkar jorda med grev, ein plog vart dregen i drette av to oksar. Stakkar av høy er sette rundt furuleggane som for til vinteren. Vi fekk lov å komme innpå jordet å snakke med kvinnene og ta bilder. For ein opplevelse.
Vi køyrer vidare mot Bageshwar kor vi skal ha lunch. Ein hektisk liten landsby med ei trang gjennomfartsgate med for oss uoversiktleg og kaotisk trafikk. Vi parkerer syklane i dei få ledige smuga vi finn og set oss til bords medan mekanikaren vår passar på syklar og oppakning. Etter lunch drar to av oss av gårde litt i forveien for å fotografere resten av gjengen når dei passerer travlegaste delen av landsbyen. Inntrykka vidare kjem eit etter eit. Vi besøker eit Hinduistisk tempel fra 900 talet. For å komme inn i det aller heilagste må skona av. Gunnar vert fotografert saman med ypperstepresten i inngangen.
Vi passer smedar som smir emna sine i smieser i veikanten, små innhegningar der ein buskap på ei kyr eller to står på for. Salgsbuer ligg tett langst vegen med yrande folkeliv langst med. Vi ser ein som har fyrt opp under steikepanna si i veikanten. Vi møter ein bilkortesje med trommer, trompetar og ropande folk på lasteplanet, truleg ein sermoni i ei Hinduistisk feiring. Vi møter glade skuleborn etter vegen, kledde i skuleuniform.
Folket her lever langst vegen, på vegen og av vegen. Dette er det ekte India. Det er på denne måten man får eit innblikk av det. Det er dette vi ville sjå, det er dette vi opplever no.
Siste kilometrane for dagen ville Edvin sjekke om Gunnar var frisk, så siste biten opp mot hotellet maxar Edvin og Gunnar fullt ut Enfieldane.
Vel framme på hotellet kausar parkerar vi og pakkar av motorsyklane. Som vanleg etter endt køyredag samlast gjengen i hagen utanfor hotellet for gjennomgang av dagens opplevelsar og som seg hør og bør ei og annan røvarhistorie.
Vi vert servert middag kl 19.
Olav Birkeland
Motormann.
Kommentarer