27.Aug VH2023-1


Sangla – Kalpa.
Dagen starta med vandring til det lokale fruktbarheitstempelet. Utskjeringane her hadde vorte sladda i USA. Interressant å komme tett på dei lokale bøndene som driv sjølvbergingsbruk i desse fjellsidene.

Vel- nok slaraffenliv. Vi måtte hive oss på hjul att. Vi skulle ned att denne hårreisande vegen med det passande namnet Sangla Chitkul Road, frå dagen før og då med køyring nærast stupet. Spennande greier, men alle kom ned.

No fekk vi litt fin asfalt og fine kurver eit stykke og eg trur dei fleste bikka 80- talet på spedometeret. Nokre Totningar hevda dei kom over 100, men vi andre tvilar. (PS! Vi kjenner dei no som nokre som drar på litt i godt selskap)
Vegen oppover til Kalpa var sving, sving, sving i lang tid. Kjempekjekt!
No er vi på 2600 moh

Litt om gjengen: Vi er ein fin gjeng som no etter fire dagar er begynt å bli kjent med kvarandre. Toten er representert med fire med god fart, tre Sørvest- vestlendingar som heng på så godt dei kan, to vestlendingar som er vant med svingar, to nordlendingar som legg seg i tet, ein frå Nesodden med flippskjegg og stort smil, ein politi og ein doktor. Arild og Svein Erik er stødige guidar som får oss på fram. Fine folk alle i hop.

Skrevet av Linda Hovland

Om forfatteren

client-photo-1
Arild Bakke

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.