Sarahan – Sangla
Skvett, skvatt, stup og steile vegar.
Natt til fredag regna det trollkjerringar i Sarahan.
Vi møtte eit sølemekka utan sidestykke. Ikkje ein gong turstiane i Norge er så sølete som dette. Vi fekk rikeleg med øving på å stå og køyre og kom gjennom med kun to velt.
Etter kvart kom sola og heten og tørka gjørma på dressane.
Etter lunsj skulle vi oppover mot Sangla og blei møtt med lite autovern, nokre kantstienar og fleire parti utan noko vern og det gikk bratt oppover. Vegen var ikkje breiare enn at det er ubehagelig å møte bilar- bilar som tutar og pressar seg forbi. Dette er ikkje for sarte sjeler.
Oi- glømte å nemne at det stort sett er fleirehundremetersstup på utsida av vegen -for det meste heile tida.
Det som møtte oss i Kinner camp var stillheit, fred, ro og glamping. Heilt nydeleg å komme til ein slik plass ca 2600 moh. Nokre av dei tøffaste testa badetempen i elva. For ein fin kveld!
Skrevet av Linda Hovland
Kommentarer