28.Aug VH2023-1

Mandag 28.august
Kalpa- Tabo/ Spiti Valley

Revelje kl 5:30, frukost og avgang 6:30. Dette livet er ikkje for pingler. No venta 18 mil med meir svingar, overheng, stup, «shooting stones» og trafikken avtar litt. Vi køyrer i smale dalsider med opprive landskap. Det går radig oppover med utallige hårnålssvingar mot nakent fjell på tofelts asfaltert veg. Litt vegarbeid og utbetring etter skade oppover blir utført for hand og kvinnene knuser stein til pukk med hammar. Ungane under skulealder er med på jobb. Ganske utruleg kor mykje folk som arbeider langs vegane i 3000-meters høgde. Vi tok lunsjen i det fri på ein helikopterlandingspalss i Nako med ein storslage landskap rundt oss.

No gikk det nedover igjen og vi entra Spiti Valley- ei kjend dal som vi skal utforske dei neste dagane. Smalt og støvete. Fjellsidene minner om gigantiske grushaugar og vegane er som vanlig smale, men asfalten nesten heilt. Det er nytt!

Framme i Kabo dumpa vi opp i eit tradisjonelt bryllup med dans og fyrverkeri. Heile landsbyen dukka opp intradisjonelle fargerike drakter.

No er det middag og rett i seng. Sol og varme tek på. Det ligg stødig på over 30 grader endå.

Skrevet av Linda Hovland

Om forfatteren

client-photo-1
Arild Bakke

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.