Shivandi River Lodge er hotellet oss har overnatta på i natt. -ein merkelig plass i bushen nede ved elva der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Ankomsten var ihvertfall ikkje tilrettelagt for handikappa, da drågje gjekk delvis bratt nedover eit grovafar. Stedet var eksotisk, og kunne blant anna by på planter som kannabis, noko oss fekk grundig innføring i av stedets vert. Frokosten i dag besto seg av pannekaku og havregraut, som nok var det beste oss har fått på lang tid.
Alt går seg til i India, til og med snorkinga til min romkamerat Asbjørn. Nå er det faktisk slik at eg vaknar når han slutter å snorke….. Ellers har viskositeten på tarminnholdet endra seg til det normale, så dæ mæ går rette vegen.
Da oss i dag tidleg skulle sæla på Endfieldene våre, merka oss at det hadde vore landeveisrøvere på ferde. Bensinslangane på alle syklane var avskårne, og tappa for bensin. Vår indiske mekaniker og boy (læregutt) vart satt på saken, og etter eit overblikk og ei muntleg salve a’la Ben Redik fy Fazan, var samtlege bensinslangar samenskjefta at med medbrakt hevertslange. -Umistelige å ha med desse alltid blide og løsningsorienterte hjelparene. Ein slump bensin vart porsjonert såpass at oss kom til nærmeste bensinstasjon.
I India skjer det meste. – oss har haft fortviler som har brotna, hjul som har losna, kløtsjvaier som har sletna, punktering på bakhjul hjå undertegnede, og meier kan det bli. – ikkje rart når ein ser korleis vegane er. Plutselig utan forvarsel er asfalten borte, ja i verste fall det meste av vegbana. Du veit aldri kva som møter deg rundt neste sving. Det kan forutan alle slags rare kjøretøy, væra ei halvdau gåmmål ku, aper, lange kolonner med æsel, geiter, svin, steinras og vandrende høystakkar.
Som tidligare nevnt, det meste går seg til i India. Oss kjører nå på niende dagen, og kjører etter kvart meire og meire som ein Inder, tuta både på innpust og utpust, og lar det stå til. – i går heldt eg på å bli samenpoda med ein slik helvetes høystakk med eit kvinnfolk under, så eg kom så faretruende nære at eg såg rett inn i det kvite i augom hennar. Men pytt pytt, -oss er da i India, det går seg til! Eg fekk heldigvis foreviga hendelsen på film. -har mengder bilder og film fra turen, og ved ein glipp 38000 stillbilder som også skulle vore på film…..
Lunsjen i dag har oss inntatt utendørs i vegkanten med mekaniker som kokk. Norsk ljos lapskaus vart varma på propankokar, og aldri har den smakt så godt som i India!
Ferda i dag har gått opp og ned fra det eine dalføret til det andre i ubeskrivelige flott natur med levande små landsbyer på rekkefølge rad, ja, det er som å kjøre gjennom eit prospektkort.
Oss er framme på eit skihotell i Aulie Joshimat, 2900 moh med utsikt bort på dei høgste toppane i Himalaya – fjellkjedane. Fasinerande rett og slett! Hotellet minner meg om spøkelseslott, og i spisesalen var det så bikkjekaldt at oss måtte kle på oss det som fanst av klær for å greie å fortære maten. -glovarm suppe var redninga. Her må ein ta det som dæ kjem, oss er da i India…
-men det er ihvertfall ingen som behøver og tykkjy synd på oss!
MORTEN
Kommentarer