Oss er nå på Hotel Chevron ECO Lodge i Kausani, 1670 m.o.h. i nydelige omgivelser og flott utsikt til fjelltoppene i Himalaya. Alle er tilsynelatende friske, og ingen har problem med treg mage… Idag har oss fridag, dvs. Enfieldene får stå i ro. Etter frokost vart oss kjørt av vår indiske gode medhjelper Lokesh til Kausani Garden Tea, ein liten teplantasje nedi dalen her. Nokre kjøpte stedets te, andre var meir interresert i stedets damer….
Deretter besøkte oss Kausani Shawl Factory, eit lite veveri, -veldig interresant å sjå, da alt gjekk føre seg på gamlemåten utan elektrisk motorkraft. På butikken over vart det handel. Kari Mette kjøpte seg flott kåpe, Rune og undertegnede kvar sin sixpence til heile 15 NKR. stk. Paal investerte i nokre sjal til kjæresten.
Så fortsatte ferda vidare ned til landsbyen. Her følte oss at oss var i India på rett. Ein føler at du på mange måter er attende 100 år i tid. Eit yrande liv, og eit mangfold av varer og tjenester som tek pusten frå deg. -Kan ikkje beskrivast med enkle ord. På attendeturen var det tid for lunsj, og mekaniker, kjentmann og altmuligmann Dharmendra vart sett på saken for å finne ein plass som var innafor når det gjaldt normal indisk hygiene. Her vart oss servert nudler og nanbrød blant svoltne apekatter som også kunne tenkt seg ei tugge.
Middagen vart fortært etter mørkets frembrudd, som på menyen var lam. Dette bestod seg av beinknokler med antydning av kjøtt… Saus og tilbehør var nydeleg.. Atter ein herleg dag !
MORTEN
Kommentarer