Etter 15 dagar på hjul har vi:
– [ ] Fått 16 nye vener
– [ ] Tilbakelagt 2000 km
– [ ] Passert 7 fjellpass og tusenvis av høgdemeter
– [ ] Hatt frå 6 – 45 varmegrader
– [ ] Passert ei vanvittig mengde med hårnålsvingar
– [ ] Køyrd forbi 1005 vegarbeid
– [ ] Fått eit par knallkjekke offroadrunder
– [ ] Opplevd grådig med gruskøyring meiner nokre, litt i minste synest andre.
I dag var det siste køyredag og turens høgdepunkt sto på plan. Vi skulle over verdas høgaste offentlege vei, Khardung La Pass på 5600 moh.
Toten meinte det var snø med storm i kasta. Vi frå Vestlandet går for 5 regndråper, 10 hagl og litt vind. Temperaturen var vi einige om, ca 6 grader.
Det finnest ikkje ein veg i Himalaya som ikkje har vegarbeid, i dag intet unntak, men stort sett var det flotte vegar og ein del tofelts. Deilig å suse oppover i nesten 40 km/t og føle høgda på kroppen.
Alle kom til topps men å få denne gjengen inn på eit felles bilde gikk ikkje. Nokon skulle danse, andre måtte høgare opp og la til palings oppover. Kun for å få fleire høgdemeter på gps-en en andre. Nokon vasa rundt for å finne det beste bildemotivet, mens andre kasta snøball nedover til Leh.
Dei 2000 høgdemetrane ned att gikk som ein røyk. Eg trur dei fleste såg fram til skinnbuksepilsa ved målgang. Den smakte fortreffeleg og stemninga sto i taket under lunsjen. Desibelnivået på Spick’n Span hotel har garantert ikkje vore høgare.
Kvelden kjem og det som blir sagt i Leh, blir i Leh.
Skrevet av Linda Hovland
Kommentarer