30 Aug. VH2023-1

To dagar på Himalaya Highway gjennom Spitidalen

De tenker sikkert 4 feltsveg gjennom fjella, men her får de eit innblikk

Kaza – Shandrathal

Vi er på full fart ( 30 km/t ) innover Spitidalen. Starta på asfalt, men det gav seg fort. Himalaya highway gjennom Spitidalen går på laus grus, over større steinar, pukk, fin sand og over nokre elvefar. Skogsvegane heime er i betre stand.

Det blir ei bratt læringskurve å køyre på dette underlaget for dei av oss med lite erfaring. Bra då at Totengjengen er rå på Enduro og lærer villig vekk. Opp og stå, blikket fram, hald gassen, knekk i knea og lause hender er vel stort sett taktikken. Ikkje alltid lett når det er høgt ned utan vern på kanten.


Dagen i dag gikk over Kunzum pass på 4700 moh. Det høgaste punktet så langt. Lunsj i det fri og så inntok vi Parasol Camp på 4200 moh ut på dagen. No er det teltliv og alle er i fin form
Dei fleste av oss tok ein ekstra tur og gikk til Chandratal lake ( Månesjøen).
Nydeleg og fredeleg stad.



Temperaturen dala frå 20° ned mot frysepunktet når sola forsvann bak fjelltoppane. For første gang hadde vi rim på syklane morgonen etter.

Lunch i det fri!
Utrolig hvor godt blanding av Trøndersodd, Lys og brun lapskaus smaker etter noen dager med ris og dall

Skrevet av Linda Hovland

Om forfatteren

client-photo-1
Arild Bakke

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.