Endeleg på hjul
Breie glis og dirrande spenning låg over frukostsalen på hotellet i Shimla i dag tidleg. Royal Enfieldane var komt på tunet og no starta det eventyret vi kom til India for å oppleve – Himalaya på MC. Når vi var pakka og klar minna samtlige om kåte kyr når dei slepp ut om våren- kyrene i Norge vel og merke. Dei 453 av sorten vi passerte i dag har rangen og vegen og tok livet med ro. Dei likka ikkje på eit augelok når vi for forbi.
Etter ein litt kronglete start med punktering og justeringar på syklane så kom vi skikkeleg i gang. Arild låg fremst som ein stødig bauta. No skulle vi venne oss til venstrekøyring, forbikøyring, folk og dyr og ikkje minst gløyme blinklyset og bruke fløyta skikkeleg -heile tida. Etter mitt skjønn gjekk da kjøle bra!
Heile dagen i dag har vi køyrd gjennom frodige fjellsider og dalar. Eplefjorden Hardanger bleiknar mot eplefjellsidene i Himachal Pradeshregionen. Først langs med på ca 2200 moh og så nedover, nedover, nedover. Det tok aldri slutt. Temperaturen steig i samme takt og gav seg ikkje før vi bikka 40-talet på gradestokken. Då var vi komme til Nirat på 800 moh. Eg hadde aldri trudd at 27 grader kunne kjennast kjølig.
At toalettpapiret forlot oss på hotellet i Shimla og temperaturen innafor køyredressen er nær kokepunktet merkast ikkje. Alle smiler som om dei er i paradis.
No skulle vi oppatt på 2200moh. Vegen var smalare og slagholene større enn dei vi har på standar vestlandsvegar, men Indarane var faktisk starta på utbetring. Eit snev av gruskøyring fekk vi teste også- kjekt!
Alle heng på oppover fjellsidene og køyrer som gudar, fløyter som innfødte og passerer lastebilar, tuktukar og anna som måtte reke langs vegane. Kraftverk på kraftverk møtte oss oppover og vi passerte landsby på landsby. Imponerande mykje folk i desse fjellsidene.
Etter kvart kjennest heten, dagen og køyringa på kroppen og eg trur dei fleste var glad når vi såg skilta til hotellet. Etter tre nittigraders svingar i gater med kanskje ei bilbreidde, så var vi framme på endestasjon i Sarahan.
No sit eg med alle i matsalen og her er lyden langt over skadeleg desibelnivå og stemninga max!
Det er to heltar eg vil nemne og det er dei to i følgebilen. Tusen takk for vatn, lunsj, sjokolade,chips, smil og oppmuntring på alle dei 16 mila vi køyrde i dag.
Eg gler med til meir køyring i Himalaya.
Skrevet av Linda Hovland
Kommentarer