Kabo – Kaza med overnatting på Grand Dewachen Retreat

Dei lokale i Spiti Valley veit å feire. Musikken ljoma over Kabo heile natta til kl 6:00. Sjølv med dobbelt sett øyreproppar så dempa det lyden berre litt.
Velvel, det var tid for å stå opp og nyte soloppgangen, frukosten og komme seg på hjul innover og Spiti Valley.
Pål Ivar hadde dette å sei til lunsj – støvete, ørkenlandskap med elv i midten.
Spennande med eit fjellandskap som skiftar fargar og alle dei grøne lungene langs elva, meinte Liv Grethe
Trond og Nils Anders haldt ein knapp på at det å køyre i Kaza sentrum var eit høgdepunkt.
Her er ett av dagens stopp

Verdas eldste kloster i Kabo måtte vi besøke før vi køyrde vidare.

Så var det ut på smale vegar med og utan asfalt. Odd meinte at det berre er å henge på og klamre seg fast. Det går unna på grusen.
No gikk det oppover med stopp i Dhankhar (3900 moh). Små landsbyer klamrar seg fast oppover og det dyrkast langs med. Folk ser ut til å leve eit fredeleg og nøysamt liv her.
Mat må vi ha og lunsjen tok vi i Kaza sentrum- blide folk.
Det var ein litt slukøra gjeng som etter lunsj, svetta seg opp til verdas høgste postkontor og møtte stengde dører. Postmannen var å ba. Så til alle heime -det kjem ikkje postkort!
4200 moh var vi på der- høgste punkt på turen så langt.
Velvel – litt plaster på såret var det å fylle bensin på verdas høgste bensinstasjon
Spiti Valley leverer, stemninga er god og vi held oss på over 30 grader.
Skrevet av Linda Hovland
Lite med bilde grunnet dårli dekning
Kommentarer