En reise dit peppern gror.
Tre dagar
Fredag Jispa – Sarchu
Lørdag: Sarchu – Tso Kar Lake
Sundag: Tso Kar Lake – Leh
Det er gått tre dagar utan nett, men ikkje utan nye mil på Royald Enfieldane og breie smil på førarane.
Frukostane består som regel av toast og omelett, av og til litt graut. Kaffi og te må til for å få grusen ut av systemet. Dette er gjengs uansett om det er hotell eller telt vi overnattar i.
Kveldane og nettene er kjølige og det kan ligge rim på motorsyklene på morgonane, men når sola kjem så blir det fin sommartemperatur, ja kanskje litt i meste laget. I følge Arild så har det aldri vore varmare på desse turane enn det vi opplever.
Fredagen sala vi opp og det låg føre oss ei kort etappe frå Jispa over Baralacha La passet på 4850 moh og til Adventure Camp i Sarchu. Landskapet sluttar aldri å imponere.
På veg nedover mot campen openbara orangefarga fjellsider seg. Det var eit enormt fargespel vi køyrde inn i. Vegen er tåler bra og det går unna.
I campen inntok vi norsk lunsj. Det indiske kjøkken serverer veldig god mat, men det er ofte litt ensformig så Real turmat gikk ned på høgkant.
No var det tid for å utforske området.
Dei som på eit eller anna vis vil imponere med høg gangfart må gje seg. Det skal ikkje mange raske steg til før ein hiv etter pusten.
I området vrimla det av eit lite dyr, Maramout, og nokon var heldige å få knipsa dei
Som alltid rundt middagsbordet så kjem det kommentarar, gode historier og ein meinte at no var vi virkelig komt dit pepperen gror.
Kva skal vi sei om lørdag ?
Vi var førespegla hårnålsvingar, short cuts, køyring på den Tibetanske høysletta. Vi tok ut når sola hadde varma oss opp litt og holdt oss i dette oransje landskapet heile dagen.
Fotostopp både her og der. Det er verkeleg utruleg dette som vi er med på.
Gata Loops openbara seg og det gikk hardt oppover. Alle fekk «fri» til å ta short cuts som indarane hadde laga seg der dei ikkje gadd køyre svingane.
Nokre tok seg ut og vi som seig rundt på asfalten møtte totalt utslitne karar som sto og heiv etter pusten når dei var komt over kanten. Nokre kom ikkje heilt opp og måtte ta den sure turen ned att for meir fart. Bratta, sukkersanden og lite motorkraft gjorde det umogeleg å starte i bakken.
Det vart eit lite stopp på Nakeela Pass på opp under 5000moh og rett etter på Lachung- La pass 5065. No nærmar vi oss himmelen.
Alle er i godt humør og i Pang gikk pangstarten for fri køyring på den Tibetanske høysletta. Tenk å vere så heldig å få kneppe gassen i bånn på ei polert slette på ca 4500-meters høgde. Villhestane lurte nok på kva type hestar som kom rennande. Ingen av oss nytta asfalt på denne delen. Det er ein formidabel herleg friheitsfølelse å flyte over dette landskapet.
Nokre tok seg meir ut enn andre og brasa inn i sukkersand og holer. Per Ivar var den frå Totengjengen som utmerka seg denne dagen og var blant dei som sytte for at mekanikarane hadde litt å gjere ved dagens slutt. Der var det fleire som bidrog bra.
Men om de trur dette var slutten på dagen så tru om att. No skulle vi inn til ein av Himalayasaltets fødestover, Tso Kar Lake. Meir flyt over støvete grusvegar, til skue for fleire villhestar så kom vi inn og fekk vandre rundt på det vi betaler dyrt for i butikken heime.
Dette området var endestoppet i dag. No kom det som er det litt sure med køyring her og det er å få støv og sand ut av nasa, bihulene, øyra og kroppen. Vi lykkast sånn passe og vil nok bruke litt tid på dette. Tusen takk for ein herleg MC- dag!
Sundag gikk turen på fin asfalt frå Tso Kar Lake til Leh over Taglangla pass på 5300 moh. Her fekk vi eit snev av kaldt ver. Ulla måtte på under dressen.
Fine vegar på asfalt er ikkje daglegdags, men denne dagen fekk vi stort sett det.
Det var berre å kene seg tilbake, nyte endringane frå oransje fjellsider til eit vanvittig fargespel med meir vegetasjon, grøne elvar og lillatonar i fjellet. Ladakh-dalen var ein fryd for auge. Her er det nye formasjoner i fjelletmassivet, lilla sagblad stakk opp som riller i slette gruslier i ulike fargar. Vanskeleg å finne nye ord for kor spelsielt dette er.
Dalen inn mot Leh var meir open og full av militære stassymbol og paradeanlegg. Alle blei godkjent og vi kom gjennom siste passkontroll inn til Leh.
Her vart vi tatt i mot på hotellet med sjal rundt halsen og sjefene Arild og Svein Erik gav tillatelse til ei «skinnbuksepils»,den vi tek ved endestopp på dagens etappe og før mc-habitten blir tatt av. Den var god den!
Smilet til alle når vi forsto at vi skulle oppsøke ein Pizzarestaurant til lunsj var breitt og pizzaen smakte fortreffeleg, til tross for at den stort sett var av den veganske variantar.
Meir om Leh blir det i neste innlegg.
Skrevet av Linda Hovland
Kommentarer