4 – 5 Aug. VH2023-1

Leh og Nubra Valley

Mandag fekk vi ein heil dag i Leh med besøk til Thikse kloster som einaste punkt på agenda. Etter det fekk vi utforske byen etter eige ønskje.
Kashmirsjappa i gamlebyen kunne sikkert stenge i 14 dg etter hardt innrykk heile banden.

Barberaren attmed hadde også nok å gjere. Å få fleire støvete mc-gubbar som ikkje har sett høvelen på nesten 14 dagar, innom dørene må vere som å komme i himmelen. Tenker vi er tatt med i bønene til fleire lokale denne dagen.

Nokre av oss hadde bruk for å bevege andre musklar enn mc- musklane og vandra opp til høgda over Leh. Det gav flott utsikt over by’n.

Felles middag med gode historier og kommentarar er blitt eit varemerke og denne kvelden tok vi for oss dynekvaliteten der vi hadde vore.

Dynene er ofte av syntetisk kvalitet og det gnistrar når ein gnissar dei mot einannan. Vi har stort sett to kvar. Nokre meinte at når ein hadde lagt under dyna ei tid så ville syntetiske truser tiltrekke seg det meste av det nattsvermarane rundt om.
Sjølv drikkeflaskene blir påverka og lyner når ein skrur av korken.

Trur alle sette pris på denne dagen uten hestekrefter mellom beina.

5.september.

Leh – Nubra Valley over Wari La pass 5328 moh

Tysdagen kom med endå ein finværsdag og etter ein MC-fri var vi klar for meir køyring.

Avtaler utleigefirma og regionar mellom gjer at vi måtte bytte syklar så «nye» Enfieldar sto klar på parkeringa når vi skulle ta ut i dag. Etter litt justering så var vi klar for 15 støvete mil i høgfjellet.

Vi svinga oss 2000 høgdemeter i relativt «raskt» tempo oppover frå Leh og til Wari La pass på 3528 moh.

Samanliknar vi farten vi køyrer med her, med den heime så sniglar vi oss avgårde. Følelsen av høg fart kjem fort på desse vegane og køyretøya. Vi har knapt bikka 80 km/t desse dagane.

Vegen opp til passet var fin og det svinga i alle retningar men på andre sida var det stort sett vegarbeid. I motsetnad til heime så er det ikkje eit tema med stenging for å utbetre vegane.
Her berre stoppar dei oss i noko som liknar vegkant mens maskinene piggar laus fjellsidene så steinspruten står rundt øyra. Køene blir så klart lange på begge sider av turistar og særs utålmodige indarar. Det er fasinerande med lastebilar som på død og liv skal først fram sjølv om vegen er stappa i begge retningar av køyretøy. Vegen kan ikkje kallast anna enn ein vits.

Det blei nokre mil på grus med mykje sukkersand i 34 varme. Sukkersand er kanskje det mest krevande å køyre i. Styringa er lik null og det er berre å lage seg så tung som mogeleg bak og håpe ein flyt gjennom. Vi klarar oss bra.

Vi tok lunsj på ei veikro der to små krovertar smelta sjølv dei mest hardbarka MC-hjarta. Dei smilte og showa til seg det meste av sjokolade, jus og eple vi hadde i lunsjpakkane våre.

No var det grei asfalt nedover Nubra Valley og vi fekk tid til å nyte den vakre dalen som openbara seg. Vi fekk endå ein ny variasjon og kombinasjon av fargespel vi ikkje hadde sett før. Kina og Pakistan er ikkje langt vekk. Eit par 7000-meterstoppar så er vinder. Etter litt leiting kunne vi endeleg sjekke inn på Lharimo North lodge.

Vi jubla over relativt reine rom, varmt vatn og sikkert gode senger. Det finn vi ut av etter kvart. No går drøsen blant trær, busker og fuglekvitter mens sola går ned over fjelltoppane. Vi har fått kaffi, kjeks og øl – meir trengs ikkje for denne gjengen.

Skrevet av Linda Hovland

Om forfatteren

client-photo-1
Arild Bakke

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.